Historisk biletkunst og utvikling av tema melankoli

Ove Enehaug var ein norsk radikal politisk kunstmålar på 1970-80 talet frå Bergen. Han var født i 1953 i Bergen og starta ein 3-åring utdanning ved Det Vestlandske kunstakademi hausten 1974. Han levde kort, hektisk og døde dessverre i 1989 som 36-åring. Men på tross av hans korte levetid målte han fleire interessante kunstverk. Desse kunstverka meinar eg er forlauparar til post-modernistisk kunst.

Enehaug sine uttalingar i media signaliserer at han er interessert i historiske kunstmålarar. Kanskje har denne interessa for kunsthistoria inspirert kunstnaren når han målte bileta? Eg vil starte med å vise til eit av hovudverka hans som er olje måleriet «Melankolia» (1974) og sjå det i samanheng med koparstikket «Melankolia I» (1514), som er eit grafisk verk av den historiske kunstnaren Albrecht Dürer.

Melankolia (1974), Ove Enehaug

Melancholia I (1514), Albrecht Durer

Albrecht Dürer (1471-1528) var ein tysk kunstmålar, hoffmålar, teiknar, grafikar, kunstteoretikar og gullsmed. Gullsmed yrket lærte Dürer av far sin som var handverkar. Dürer var ein reformasjons kunstnar og stilen hans er typisk for epoken høg renesansen som er inngangen til barokken. I renesansen var kunstnarane opptatt av å skildre liding og Dürer skildrar den meir personleg enn mange andre av hans samtidige kunstnarar.

Melankoli er ei form for liding og er eit tema som Dürer jobbar med i bilete «Melankolia I» og Enehaug tar opp i bilete «Melankolia». Begge bileta har ein kvinneleg engel som hovedmotiv men kroppsspråket og uttrykket er ulikt. Engelen i «Melankolia I» viser sine indre problematiske kjensler gjennom eit trassig ansiktsuttrykk og kroppsholdning, medan uttrykket til engelen i «Melankolia» er meir statisk. Engelen i «Melankolia» set i utkanten av sivilisasjonen, skjult bak eit avlukke. På ein grotesk måte har engelen fått fjerna auga sine og dette teiknet refererer til den greske antikke myta om Kong Oidipus, som legen Sigmund Freud brukte til metafor på eit psykologisk problem som kunne ramme menneske i voksen alder.

Bileta refererer til det psykologiske fenomenet melankoli som er eit gåtefullt humør som svingar mellom sorg og glede, nyting og liding, og fryd og sinne. Forståinga av melankoli har utvikla seg i løpet av historia. Skrifter viser at den greske legen Hippokrates kan ha starta tradisjonen i Antikken ca. 460-377 før Kristus. Han meinte at menneske hadde fire kroppsvesker: blod, slim, gul- og svart- galle. Hippokrates forklarte at melankoli var eit temperament som oppstod når det vart for mykje svart galle i kroppsveska. Melankoli var eit fysisk problem lik så mykje som det var eit mentalt. Denne oppfattinga blir kalla for den hippokratiske tradisjon og kjem til uttrykk i litteraturen som Hippokrates sjølv produserte og som filosofen Aristoteles skreiv i Problemata xxx.1. Denne oppfatninga var typisk for Antikken og epoken som kjem etterpå dvs. mellomalderen blir det utvikla ei anna forståinga av melankoli. I mellomalderen har den katolske teologen og filosofen Thomas Aquinas uttala seg om melankoli. Epoken etter mellomalderen er renesansen som inneber gjenføding av den greske antikken. Det var den italienske legen, filosofen og humanisten Marsilio Ficino som formidla den antikke kulturen vidare i renesansen. Han vidarefører Platons og Aristoteles forståing av det melankolske menneske som guddommelig og unntaksmenneske. Ficino etablerer ein ny doktrine og forklarar planeten Saturn i forhold til melankoli. Grunnen til dette var ein allmenn oppfatning av Saturn som den sublime kontemplasjonens (meditasjonens/ bønnas) stjerne. Dermed blir det legitimt å forklare melankoli i forhold til ein ytre, synleg og åndeleg dimensjon. I barokken vart det melankolske menneske estetisert og i scenesett i sørgjespel som hos Dürers allegroiske framsyning av melankolien i bilete «Melankolia I». Allegorien er hovudmotivet som er ein trassig engel, rundt ho er gjenstandar for skapande aktivitetar og andre symbolske kjenneteikn. Kva funksjon kan dette bilete ha hatt? Kan det ha vært eit førebilete for kunstnaren som viste det inspirerte geniet i arbeidsprosessen (det dürerske geniet), eller skremselspropaganda som skulle minne kunstnaren om farane ved melankoli? -Og kva ville Enehaug fortelje med motivet på 1970-talet?

Advertisements